Blogg frå for web 2.0-kurset

torsdag 15. oktober 2009

Web 2.0 og blogging - eit læringsskriv

Dette er mitt aller fyrste innlegg der eg skal vise at eg kan. Noko forstend eg, og anna er litt vanskeleg å få til. Det er godt med litt rettleiing for å finne dei rette knappane og forstå koss dei verkar. Det er ikkje alltid innlysnade for meg. Men nå skriv eg altså, så neste trinn er å hente eit bilete. Det greidde eg sjølv om det tok lang tid å få opp programsnutten. Maskina seier at eg kan redigere biletet, men
Blå fjell
bilettekst fekk eg ikkje laga.

Elles har ei lyseblå von om at eg skal greie neste trinn også,

for noko grønt bilete fann eg ikkje

eg kan ikkje sitere Kielland her.

Her har eg funne noko grønt på nettet, men eg får ikkje plassere bileta slik eg ønskjer

2 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Flott Trine - her er du godt i gang! Du får til å sette inn både tekst og bilete i eit blogginnlegg, og du har redigert profilen din. Veldig godt jobba!

    Eg ser at du har lagt til ”Min bloggliste” tre gonger. Det er betre å leggje alle adressene til bloggane du følgjer i ein av dei. (Når du skal redigere veljar du ”Utforming”, klikkar på ”Rediger” og får opp eit dialogvindu med overskrifta ”Konfigurer bloggliste”. Klikk på ”Legg til i liste” og skriv/lim inn adressene til dei bloggane du ynskjer å følgje. Dei to ekstra boksane med ”Min bloggliste” slettar du berre.

    I dialogvinduet med overskrifta ”Konfigurer bloggliste” kan du kan også endre tittelen frå ”Min bloggliste” til ”Blogglista mi” eller noko anna du meiner passar betre. Det er berre å skrive over det som står frå før. Går du til ”Innstillinger” og deretter ”Formatering” kan du litt nede på sida velje nynorsk som språk i bloggen din i staden for bokmål.

    Og så må du ”utnytte” Håvard – det ser ut til at han har god oversikt!

    Lukke til vidare!

    Beste helsing Hilde

    SvarSlett