Blogg frå for web 2.0-kurset

onsdag 30. desember 2009

Venestader

Nå har eg meldt meg inn i Facebook, men finn ingen brukelege bilete av meg sjølv å laste opp. Ikkje at det gjer stort, for eg skal ikkje dyrke Facebook stort trur eg. Det vesle eg har kikka hittil verkar ikkje veldig spennande. Men eg har nå utført oppgåva trur eg.
Trine 90/12.09

søndag 15. november 2009

Bilete og taggar

Nå har eg vore på Flickr, leita etter andres bilete, lasta opp nokre sjølv og laga to "slideshow". Om eg får til å laste det ned i bloggen er ei anna sak. Det skal gå, men det tek visst eit par dagar før det eg har laga på Flickr blir tilgjengeleg.


Eg har laga nokre taggar på bileta, men truleg ikkje mange nok. Taggar kan ein visst laga både på settet, og på det einskilde biletet. Eg har såvisst vore innom eit par grupper og kika, men då gjeng tida fort!
Biletet viser den gamle vestportalen på Veøy kyrkje i Romsdal



Eg har også prøva litt i Picnik med å redigere nokre bilete. Det er enkelt å kutte bileta, litt meir uberegneleg å justere fargane. Det eg gjerne skulle lært, er å leggje samman 2 bilete til eitt, men då må eg kanskje ha ein meir avansert biletbehandlingsversjon enn den som er gratis.

søndag 8. november 2009

Direkte kommunikasjon

Eg har stadig freista på kommunikasjon, men det blir bare på sundagar med meg så kanskje derfor får eg ingen svar. Elles har eg tulla litt rundt på dei fleste stader som det er vist til i oppgåvene og kasta bort vanvittig med tid, så nå gidder eg ikkje denne oppgåva meir. Nå må dessutan førebu meg til morgondagen med Skumringstimen og høgtlesinga der.

Har forresten litt problem med chatting i gmail. Har freista å ivitere mange, men det tek evinneleg lang tid å få sendt ut innlegget. Det stend at eg skal trykkje entertasten, og det er nå bare 1 på mitt vesle tastatur. Eg blir aldri stø på om beskjeden går ut eller ikkje, og korleis får eg eigentleg vite om folk er på nettet eller ei? Kanskje får ein ikkje vita det om mottakaren ikkje vil svara???

Trine

søndag 1. november 2009

Direkte kommunikasjon

Nå har eg prøva på chatting - både på Gtalk og MSN utan særleg hell. Truleg av di ingen andre er ute på nettet nett no. Derfor er det litt vankeleg å vurdere koss dette fungerer. Eg får prøve på nytt ein annan dag.

fredag 30. oktober 2009

"Feeder og problem"

Eg trur ikkje eg heilt skjønnar dette. Kfidor må eg inn i Bloglines? Kva skal eg gjera der? Eg trur eg har meldt meg inn på diverse stader utan at det hjelper meg til å forst å eit einaste poeng!


Eg har lagt til nokre såkalla "feedar" i netscapelesaren min. Dei får eg fram ved å velje Favorittar og deretter "feeder" i undervindauga som kjem fram. Korleis eg brukar dei andre to (Bloglines og ...) er ubegripeleg for meg. Det einaste eg greier å finne der er diverse ubegripeleg kjedeleg på engelsk som eg heller ikkje får til å "abonnere" på. Kva er meininga med det heile???

Frustrert etter 3. forsøk utan å forstå noko betre

Trine

torsdag 15. oktober 2009

Bilete med tekst



Nå vil eg gjerne importere bilete og få ein tekst som ligg fast innunder.


Heissabålet 2009 dett


Når eg set biletet midt på sida, skriv tittelen under i midtstilling, blir biletteksten liggjande,



men det får eg ikkje til når biletet er sidestilt.
Eg har laga diverse forsøk, men eg prøvar igjen
Denne teksten flyt etter biletet og dyttar tekst som eg har lagt under biletet. Grønt bilete

Web 2.0 og blogging - eit læringsskriv

Dette er mitt aller fyrste innlegg der eg skal vise at eg kan. Noko forstend eg, og anna er litt vanskeleg å få til. Det er godt med litt rettleiing for å finne dei rette knappane og forstå koss dei verkar. Det er ikkje alltid innlysnade for meg. Men nå skriv eg altså, så neste trinn er å hente eit bilete. Det greidde eg sjølv om det tok lang tid å få opp programsnutten. Maskina seier at eg kan redigere biletet, men
Blå fjell
bilettekst fekk eg ikkje laga.

Elles har ei lyseblå von om at eg skal greie neste trinn også,

for noko grønt bilete fann eg ikkje

eg kan ikkje sitere Kielland her.

Her har eg funne noko grønt på nettet, men eg får ikkje plassere bileta slik eg ønskjer