trinesblogg

Blogg frå for web 2.0-kurset

søndag 10. januar 2010

Ting 10 Musikk

Nei dette ligg for høgt for meg. Eg får ikkje laga noko kopling til Last.fm i bloggen min trur eg. Eg kan sjølvsagt lime inn ei adresse slik eg har gjort her, men denne "embeddinga" finn eg ikkje/forstend eg ikkje.
http://www.last.fm/listen/globaltags/folkmusic#pane=simpleStarter
Men denne linken ser nå ikkje spesielt morsam utHer på denne netts - sjølv om han faktisk gjev musikk. På denne staden er det i det minste noko musikk å finne. Men stort sett ser eg at alle desse nettstadene med musikk er nokså uinteressante for min smak ettersom eg ikkje bryr meg om alle popartistane som overfell ein over alt. Koss eg eventuelt skal kunne bruke dette til noko nyttig i biblioteket er heilt ubegripeleg. Skal ein velje musikk, som støtte til noko, må ein vel kjenne han frå før, eller så må ein uansett betale noko for han - trur eg?
Så langt kjem eg i kveld, og då er vel 10 ting fullført så det får halde for meg.
Trine 10/1-01

Ting 9 Video

Nå har eg vore på Diverse videostader og sett på dumme ting. Enkelte kattevideoar er søte og morosame, så nå forstend eg kor somme vandre-epostar kjem i frå.
Men altså, Youtube. Eg søkte opp "books" og fekk diverse treff, men kom nokså raskt over ein del barnevideo. Eg likte godt vesle Ella som sit i gyngestolen og les. Fyrst valde eg "share" under videoen og la han til på Facebookprofilen min. Men det var nå feil.
Så skulle han inn på Bloggen min, og det vart ikkje så greitt. Eg gjekk til Tilpass og skulle leggje til ein "gadget" der det er eit videoval. Men det synest uråd å inn bare den videoen eg er interessert i. Det kjem med 4. Ikkje kan eg setje namndei eller kommentere noko heller. Det må vere noko eg ikkje forstend! Dessutan er det utruleg vanskeleg å inn i det minste den serien eg ønskjer. Kor alle bilane og dei dumme musikkvideoane som eg ikkje er interessert i, kjem i frå, er gåtefullt for meg. Dei bare dukkar opp trass i mitt søkesett med direkte link til vesle Ella. Etter mange gonger att og fram, ligg nå Ella der saman med 3 andre filmar om (truleg) same jentungen. Det er mogleg denne "embeddinga" skulle vore bruka, men det er totalt gresk for meg. Kva betyr det eigentleg? og koss skal det brukast???? Det ser eg ikkje.
Men video ligg der nå, og eg synest eigentleg eg har sett utruleg lite interessant på dei 2 timane eg har bruka på dette. Lite å finne for meg.
Trine, sundag kveld

søndag 3. januar 2010

Ting 8 Podkast

Nå har eg lese litt om podkasting og søla bort mengdevis av tid på dei tilrådde stadene - utan å finne stort eller få tak i noko forståeleg. Desse hersens engelske greiene gjer at eg har problem viss eg skal utføre noko større. Eg freista å finne ut litt om musikk, men all musikken eg fann var totalt uinteressant for meg. Om det er stadene eller meg det er feil på, kan vel diskuterast. Det einaste eg fekk til var å leggje inn abonnement på på to program frå NRK i bloggsida mi. Men eg hadde truleg ikkje kome til podkast-sida i NRK utan den kommentaren som låg under oppgåva. Eg prøva - men greidde ikkje å finne nokon måte å abonnere på. Dersom ein skal sjå eit program på nettTV, tek det evinneleg med tid før ein får det opp på skjermen når ein vel podkasting-alternativet. Det får halde med podkasting for meg tenkjer eg. Trine 3/1-2010 Godt nyttår til dei som les

onsdag 30. desember 2009

Venestader

Nå har eg meldt meg inn i Facebook, men finn ingen brukelege bilete av meg sjølv å laste opp. Ikkje at det gjer stort, for eg skal ikkje dyrke Facebook stort trur eg. Det vesle eg har kikka hittil verkar ikkje veldig spennande. Men eg har nå utført oppgåva trur eg.
Trine 90/12.09

søndag 15. november 2009

Bilete og taggar

Nå har eg vore på Flickr, leita etter andres bilete, lasta opp nokre sjølv og laga to "slideshow". Om eg får til å laste det ned i bloggen er ei anna sak. Det skal gå, men det tek visst eit par dagar før det eg har laga på Flickr blir tilgjengeleg.


Eg har laga nokre taggar på bileta, men truleg ikkje mange nok. Taggar kan ein visst laga både på settet, og på det einskilde biletet. Eg har såvisst vore innom eit par grupper og kika, men då gjeng tida fort!
Biletet viser den gamle vestportalen på Veøy kyrkje i Romsdal



Eg har også prøva litt i Picnik med å redigere nokre bilete. Det er enkelt å kutte bileta, litt meir uberegneleg å justere fargane. Det eg gjerne skulle lært, er å leggje samman 2 bilete til eitt, men då må eg kanskje ha ein meir avansert biletbehandlingsversjon enn den som er gratis.

søndag 8. november 2009

Direkte kommunikasjon

Eg har stadig freista på kommunikasjon, men det blir bare på sundagar med meg så kanskje derfor får eg ingen svar. Elles har eg tulla litt rundt på dei fleste stader som det er vist til i oppgåvene og kasta bort vanvittig med tid, så nå gidder eg ikkje denne oppgåva meir. Nå må dessutan førebu meg til morgondagen med Skumringstimen og høgtlesinga der.

Har forresten litt problem med chatting i gmail. Har freista å ivitere mange, men det tek evinneleg lang tid å få sendt ut innlegget. Det stend at eg skal trykkje entertasten, og det er nå bare 1 på mitt vesle tastatur. Eg blir aldri stø på om beskjeden går ut eller ikkje, og korleis får eg eigentleg vite om folk er på nettet eller ei? Kanskje får ein ikkje vita det om mottakaren ikkje vil svara???

Trine

søndag 1. november 2009

Direkte kommunikasjon

Nå har eg prøva på chatting - både på Gtalk og MSN utan særleg hell. Truleg av di ingen andre er ute på nettet nett no. Derfor er det litt vankeleg å vurdere koss dette fungerer. Eg får prøve på nytt ein annan dag.