Blogg frå for web 2.0-kurset

søndag 10. januar 2010

Ting 9 Video

Nå har eg vore på Diverse videostader og sett på dumme ting. Enkelte kattevideoar er søte og morosame, så nå forstend eg kor somme vandre-epostar kjem i frå.
Men altså, Youtube. Eg søkte opp "books" og fekk diverse treff, men kom nokså raskt over ein del barnevideo. Eg likte godt vesle Ella som sit i gyngestolen og les. Fyrst valde eg "share" under videoen og la han til på Facebookprofilen min. Men det var nå feil.
Så skulle han inn på Bloggen min, og det vart ikkje så greitt. Eg gjekk til Tilpass og skulle leggje til ein "gadget" der det er eit videoval. Men det synest uråd å inn bare den videoen eg er interessert i. Det kjem med 4. Ikkje kan eg setje namndei eller kommentere noko heller. Det må vere noko eg ikkje forstend! Dessutan er det utruleg vanskeleg å inn i det minste den serien eg ønskjer. Kor alle bilane og dei dumme musikkvideoane som eg ikkje er interessert i, kjem i frå, er gåtefullt for meg. Dei bare dukkar opp trass i mitt søkesett med direkte link til vesle Ella. Etter mange gonger att og fram, ligg nå Ella der saman med 3 andre filmar om (truleg) same jentungen. Det er mogleg denne "embeddinga" skulle vore bruka, men det er totalt gresk for meg. Kva betyr det eigentleg? og koss skal det brukast???? Det ser eg ikkje.
Men video ligg der nå, og eg synest eigentleg eg har sett utruleg lite interessant på dei 2 timane eg har bruka på dette. Lite å finne for meg.
Trine, sundag kveld

1 kommentar:

  1. Det er fullt lovleg å avslutte eit kurs utan å fullføre når ein ikkje finn det nyttig eller artig. Ingen grunn til å bruke mykje tid på det ein berre synest er dumt. Livet er for kort til det!

    Helsing Hilde :-)

    SvarSlett