Blogg frå for web 2.0-kurset

søndag 15. november 2009

Bilete og taggar

Nå har eg vore på Flickr, leita etter andres bilete, lasta opp nokre sjølv og laga to "slideshow". Om eg får til å laste det ned i bloggen er ei anna sak. Det skal gå, men det tek visst eit par dagar før det eg har laga på Flickr blir tilgjengeleg.


Eg har laga nokre taggar på bileta, men truleg ikkje mange nok. Taggar kan ein visst laga både på settet, og på det einskilde biletet. Eg har såvisst vore innom eit par grupper og kika, men då gjeng tida fort!
Biletet viser den gamle vestportalen på Veøy kyrkje i Romsdal



Eg har også prøva litt i Picnik med å redigere nokre bilete. Det er enkelt å kutte bileta, litt meir uberegneleg å justere fargane. Det eg gjerne skulle lært, er å leggje samman 2 bilete til eitt, men då må eg kanskje ha ein meir avansert biletbehandlingsversjon enn den som er gratis.

1 kommentar:

  1. Hei Tine!
    Her har det vore ein glipp ser eg. Trudde eg hadde lagt inn kommentar på denne posten tidlegare, men der tok eg altså feil...

    For meg ser det ut som at du er så godt som ferdig med Ting 5 Bilde og taggar? Det er fint om du skriv det i bloggen din når du meiner du er ferdig (det gjeld og Ting 3 og 4 - litt uklart for meg om du har fått det til).

    Om du har tid og lyst må du berre komme oppom fylkesbiblioteket for ein liten gjennomgang av dei tinga du måtte ha problem med. (Lurt å avtale tid på førehand)

    Hilde :-)

    SvarSlett