Blogg frå for web 2.0-kurset

søndag 8. november 2009

Direkte kommunikasjon

Eg har stadig freista på kommunikasjon, men det blir bare på sundagar med meg så kanskje derfor får eg ingen svar. Elles har eg tulla litt rundt på dei fleste stader som det er vist til i oppgåvene og kasta bort vanvittig med tid, så nå gidder eg ikkje denne oppgåva meir. Nå må dessutan førebu meg til morgondagen med Skumringstimen og høgtlesinga der.

Har forresten litt problem med chatting i gmail. Har freista å ivitere mange, men det tek evinneleg lang tid å få sendt ut innlegget. Det stend at eg skal trykkje entertasten, og det er nå bare 1 på mitt vesle tastatur. Eg blir aldri stø på om beskjeden går ut eller ikkje, og korleis får eg eigentleg vite om folk er på nettet eller ei? Kanskje får ein ikkje vita det om mottakaren ikkje vil svara???

Trine

2 kommentarer:

  1. Hei Trine!

    Dei ein vil chatte med må vere innlogga for at ein skal kunne invitere til nettprat.

    I GTalk ser du at folk er pålogga om der er ein grøn prikk foran namnet til dei som ligg i kontaktlista, dvs. i den "boksen" som har overskrifta Nettprat på venstre side. (Raud = opptatt, oransje = borte/inaktiv)

    Dersom du dobbeltklikkar på namnet (til ein som er pålogga) kjem det opp ein dialogboks der du kan skrive meldinga di, og vedkommande kan svare.

    Heidi vil kome litt meir inn på det på neste kurssameling.

    Hilde :-)

    SvarSlett
  2. Hjalp det noko med forklaringa de fekk på forrige kurssamling?

    Hilde :-)

    SvarSlett